Rett eller gale?

«Den gamle mannen» er subjekt i setninga under.
Den gamle mannen sit ofte på benken.

«På benken» er adverbial i setninga under.
Den gamle mannen sit ofte på benken.

Setninga under inneheld direkte objekt.
Maria øver kver dag.

Setninga under inneheld både subjekt og adverbial.
Maria øver kver dag.

Setninga under har ikkje subjekt.
Det er mykje mat på bordet.

Setninga under inneheld både direkte objekt og indirekte objekt.
Ragnvald sender dottera nye blyantar.

«Dottera» er direkte objekt i setninga under.
Ragnvald sender dottera nye blyantar.

«Ved mjølkeruta» er indirekte objekt i setninga under.
Ti bønder bur ved mjølkeruta.

«Ved mjølkeruta» er adverbial i setninga under.
Ti bønder bur ved mjølkeruta.

Setninga under har to verbal.
Eg hoppar og ler av glede.

Setninga under har to adverbial.
Eg hoppar og ler av glede.